Her er ei kort innføring i dei vanlegaste funksjonane i Inkscape. Dokumentet er eit heilt vanleg Inkscape-dokument, som du kan endra som du vil.

Innføringa dekkjer flytting og forstørring av lerret og objekt, opning og lagring av dokument, figurverktøy, merking og omforming av objekt, snøggtastar, gruppering, fargar og figurfyll, samt objektjustering og z-ordning. Du finn òg fleire emne i dei andre innføringane tilgjengelege frå Hjelp-menyen.

Flytting av lerretet

Det er mange måtar du kan flytta lerretet rundt på. Med tastaturet kan du trykkja Ctrl + piltastar. (Prøv gjerne dette no.) Du kan òg dra lerretet ved å halda inne midtre museknapp (rullehjulet) og flytta på musa. Ein tredje måte er å bruka rullefelta (trykk Ctrl + B for å visa eller skjula dei). Og har du eit rullehjul på musa kan du flytta loddrett med dette. Hald inne Shift for å flytta vassrett.

Forstørring

Du kan lettast forstørra og forminska lerretet med - og +. Du kan òg bruka Ctrl + midtklikk eller Ctrl + høgreklikk for å forstørra, og Shift + midtklikk og Shift + høgreklikk for å forminska. Har du ei mus med rullehjul, kan du òg halda inne Ctrl og rulla med dette. Ein fjerde måte er å bruka forstørringsfeltet nede til venstre og skriva inn ein nøyaktig verdi, og ein siste måte er å bruka forstørringsverktøyet i verktøylinja til venstre. Berre dra ein boks rundt området du vil sjå nærare på.

I tillegg held Inkscape ein logg over dei forstørringsnivå du har brukt. Trykk ` for å gå til førre forstørringsnivå, og Shift + ` for å gå til neste.

Inkscape-verktøy

Den loddrette verktøylinja til venstre inneheld dei ulike teikne- og redigeringsverktøya, mens kommandolinja oppe inneheld generelle kommandoknappar, og kontrollinja under denne inneheld kontrollar for kvar av desse igjen. Statuslinja nede viser nyttige tips og meldingar når du arbeidar med dei ulike verktøya.

Dei fleste operasjonane er òg tilgjengelege frå snøggtastar. Sjå Hjelp | Tastatur og mus for ei fullstendig oversikt.

Opning og lagring av dokument

Bruk Fil | Nytt eller trykk Ctrl + N for å laga eit nytt dokument, og Fil | Opna eller Ctrl + O for å opna eit gammalt. Lagra gjer du med Fil | Lagra (Ctrl + S), eventuelt med Fil | Lagra som (Ctrl + Shift + S) for å lagra under eit anna filnamn. (Inkscape er framleis ikkje 100 % stabil, så du bør lagra ofte!)

Inkscape brukar SVG (Scalable Vector Graphics) som lagringsformat. SVG er ein open standard, og breitt støtta av andre biletprogram. SVG er basert på XML, og kan endrast med vanlege skriveprogram og XML-verktøy. Inkscape kan i tillegg importera og eksportera fleire andre filformat (blant anna EPS og PNG).

Inkscape opens a separate document window for each document. You can navigate among them using your window manager (e.g. by Alt+Tab), or you can use the Inkscape shortcut, Ctrl+Tab, which will cycle through all open document windows. (Create a new document now and switch between it and this document for practice.) Note: Inkscape treats these windows like tabs in a web browser, this means the Ctrl+Tab shortcut only works with documents running in the same process. If you open multiple files from a file browser or launch more than one Inkscape process from an icon it will not work.

Teikning av figurar

På tide med litt teikning! Trykk på rektangelverktøyet i verktøylinja til venstre (eller trykk F4) og klikk og dra, anten i eit nytt dokument eller her:

An example image

As you can see, default rectangles come up blue, with a black stroke (outline), and fully opaque. We'll see how to change that below. With other tools, you can also create ellipses, stars, and spirals:

An example image

Dette er alle dei forskjellige figurverktøya. Som du ser, har kvar figur du teiknar eitt eller fleire ruterforma kontrollpunkt. Prøv å dra i desse, og sjå kva som skjer med figuren. Verktøylinja oppe har òg nokre kontrollar du kan stilla for å endra på figuren på forskjellige måtar. Desse påverkar den merkte figuren (han med kontrollpunkta), og set standardverdiar for nye figurar.

Du kan angra den siste endringa du har gjort ved å trykkja Ctrl + Z.Og viss du ombestemmer deg, kan du gjera om angringa ved å trykkja Shift + Ctrl + Z.

Flytting, skalering og rotering

Det mest brukte Inkscape-verktøyet er objektveljaren. Vel den øvste knappen (pilknappen) i verktøylinja til venstre (eller trykk F1 eller mellomromstasten). No kan du merkja objekta på lerretet. Prøv å merkja firkanten nedanfor:

An example image

Det dukkar no opp åtte pilforma kontrollpunkt rundt heile objektet, og du kan:

Trykk på firkanten igjen. Kontrollpunkta vert no endra, og du kan:

Du kan òg bruka talboksane øvst i vindauget for å velja nøyaktige koordinatar («X» og «Y») og storleik («B» og «H») for utvalet.

Omforming med tastaturet

Eitt område Inkscape skil seg frå dei fleste andre teikneprogramma på, er den omfattande støtta for snøggtastar. Det finst knapt ein einaste kommando du ikkje kan nå direkte frå tastaturet, og omformering av objekt er ikkje noko unntak.

You can use the keyboard to move (arrow keys), scale (< and > keys), and rotate ([ and ] keys) objects. Default moves and scales are by 2 px; with Shift, you move by 10 times that. Ctrl+> and Ctrl+< scale up or down to 200% or 50% of the original, respectively. Default rotates are by 15 degrees; with Ctrl, you rotate by 90 degrees.

Men kanskje det nyttigaste er pikselbaserte omformingar, som du gjer ved å halda inne Alt og bruka omformingstastane. Til dømes vil Alt + piltastane flytta utvalet 1 skjermpiksel ved gjeldande forstørring.Du vil altså flytta kortare ved høg forstørring enn ved låg. Du kan såleis plassera objekta så nøyaktig du vil, berre ved å forstørra inn eller ut.

Tilsvarande vil Alt + > og Alt + < skalera utvalet slik at den synlege storleiken vert endra med éin skjermpiksel, og Alt + [ og Alt +] skalera utvalet slik at det ytste punktet vert flytta éin skjermpiksel.

Note: Linux users may not get the expected results with the Alt+arrow and a few other key combinations if their Window Manager catches those key events before they reach the inkscape application. One solution would be to change the WM's configuration accordingly.

Fleirmerking

Du kan merkja fleire objekt samtidig ved å halda inne Shift når du trykkjer på dei. Eventuelt kan du dra rundt dei du vil merkja. Dette heiter gummistrikkmerking. (Objektveljaren lagar ein gummistrikk når du drar frå eit tomt område, men viss du held inne Shift før set i gang å dra, vil du alltid få ein gummistrikk.) Øv deg no på å merkja alle tre figurane nedanfor.

An example image

Bruk no gummistrikken (ved å dra eller halda inne Shift og dra) for å merkja dei to ellipsane men ikkje rektangelet:

An example image

På kvart objekt i eit utval kan du sjå eit lite utvalsmerke – som standard ei stipla linje rundt – øvst i venstre hjørne. Dette gjer det lett å sjå kva som er, og ikkje er, merkt. Det hadde til dømes vore vanskeleg å sjå om ellipsane ovanfor var merkte om òg rektangelet var merkt om du ikkje hadde hatt dette utvalsmerket.

Du kan òg fjerna objekt frå utval ved å halda inne Shift og trykkja på dei. Prøv det no, ved å merkja alle dei tre objekta ovanfor, og bruk så Shift + klikk for å fjerna dei to ellipsane frå utvalet, slik at berre rektangelet er merkt.

Du kan trykkja Escape for å fjerna all merking. Og for å velja alle objekta i gjeldande lag trykkjer du Ctrl + A. (Dette kan ta lang tid i store dokument som dette.)

Gruppering

Du kan setja saman fleire objekt til ei gruppe, og denne fungerer då som som eit einskildobjekt når du dreg eller formar ho om. Nedanfor er dei tre figurane til venstre einskildobjekt, mens dei tre til høgre er ei gruppe. Prøv å flytta på gruppa.

An example image

Merk eitt eller fleire objekt og trykk Ctrl + G for å gruppera dei, og trykk Ctrl + U for å løysa opp éi eller fleire merkte grupper. Du kan òg gruppera grupper, akkurat som med andre objekt. Du kan ha mange grupper inni kvarandre, men Ctrl + U vil berre løysa opp den øvste grupperinga i utvalet. Ønskjer du å løysa opp ei djup «gruppegruppe» må du altså trykkja Ctrl + U mange gongar.

Men du er ikkje nøydd til å løysa opp ei gruppe berre for å endra på dei grupperte objekta. Berre hald inne Ctrl og trykk på objektet for å merkja det, eller hald inne både Shift og Ctrl for å merkja fleire objekt (både inni og utanfor grupper). Prøv å flytta og forma om figurane i gruppa oppe til høgre utan å løysa opp gruppa. Fjern så merkinga, og trykk på gruppa igjen. Som du ser er objekta framleis grupperte.

Fyll og strek

Mange av funksjonane i Inkscape er tilgjengelege frå dialogvindauge. Den enklaste måten å fargeleggja eit objekt er å opna fargesamlingsdialogen frå Objekt | Fargesamlingar. Vel så eit objekt, og trykk på ein farge for å fargeleggja det.

Men Fyll og strek-dialogen (Shift + Ctrl + F) er kraftigare. Vel figuren nedanfor, og opna Fyll og strek-dialogen.

An example image

Som du ser har dialogvindauget tre faner: «Fyll», «Strekfarge» og «Strekstil». I «Fyll»-fana kan du redigera fyllet til (det indre av) dei merkte objekta. Ved å bruka knappane under fanelinja kan du byta mellom ingen fyll («X»-knappen), heildekkjande farge og lineær eller hjulforma fargeovergang. For ellipsen ovanfor vil knappen for heildekkjande farge vera vald.

Lengre nede i dialogvindauget ser du fargeveljarane, kvar i si eiga fane: RGB (raud, grøn og blå), HSV (nyanse, metting og lysstyrke), CMYK (cyanblå, magentaraud, gul og svart) og fargehjulet. Sistnemnte er kanskje den fargeveljaren som er greiast å bruka. Du roterer trekanten for å velja fargenyanse, og vel vidare nøyaktig fargen inni trekanten. Alle fargeveljarane har òg ein glidebrytar for å velja gjennomsikt («alfaverdi»).

Når du merkjer eit objekt, vert fargeveljaren fyllt med fargen og streken til objektet. (For fleire merkte objekt vert gjennomsnittsfargen vist.) Prøv deg fram no, og vel forskjellige fargar. Ta gjerne utgangspunkt i figurane nedanfor:

An example image

I «Strekfarge»-fana kan du fjerna streken (omrisset) rundt objekt, eller endra fargen eller gjennomsikta:

An example image

I den siste fanen, «Strekstil», kan du velja breidda og andre eigenskapar ved streken:

An example image

Du kan òg laga fargeovergangar i staden for heildekkjande fargar, både for fyll og strek:

An example image

Når du går frå heildekkjande fargar til fargeovergangar, vil dei nye overgangane bruka same farge, men gå frå heildekkjande til gjennomsiktig. Byt til fargeovergangsverktøyet (Ctrl + F1) for å dra overgangspunkta – punkta som bind saman linjene som definerer retninga og lengda til overgangen. Når eit overgangspunkt er merkja, vil «Fyll og strek»-dialogen setja fargen til punktet i staden for fargen til heile objektet.

Fargehentaren (F7) er ein siste, praktisk måte å endra fargane på. Berre klikk ein plass i teikninga med verktøyet, og fargen under peikaren vert brukt som fyllfarge for objektet (hald inne Shift viss du vil endra strekfargen).

Kopiering, justering og fordeling

Noko av det du kjem til å gjera mykje av, er å laga kopiar av objekt(Ctrl + D). Kopien vert plassert rett oppå opphavet, og du kan som vanleg flytta han med musa eller med piltastane. Prøv no å fylla linja under med kopiar av denne svarte firkanten:

An example image

Truleg vart ikkje kopiane plasserte nøyaktig på rett linje. Her er «Juster og fordel»-dialogen (Ctrl + Shift + A) nyttig. Merk alle firkantane (Shift + klikk eller dra ein gummistrikk), opna dialogen og trykk «Sentrer vassrett» og «Fordel vassrett luft jamnt mellom objekt» (les verktøytipsa som dukkar opp når du held peikaren over knappane). Her er nokre fleire døme på justering og fordeling:

An example image

Z-ordning

Omgrepet z-ordning viser til rekkjefølgja objekta vert lagt oppå kvarandre i teikninga, altså kva objekt som ligg over og dekkjer andre. Dei to kommandoane Send fremst (Home) og Send bakarst (End) på Objekt-menyen flyttar objekta framfor eller bak alle andre objekt i det gjeldande laget. Du kan òg bruka Hev (Page Up) og Senk (PageDown) for å heva eller senka dei berre eitt steg, og altså flytta dei forbi eitt objekt i z-ordninga. Berre objekt som overlappar utvalet vert tekne omsyn til her. Til dømes vil Hev og Senk flytta utvalet heilt fremst eller bakarst i z-ordninga dersom ingen objekt overlappar utvalet.

Øv deg no på å bruka desse kommandoane på objekta nedanfor, slik at ellipsen heilt til venstre vert liggjande øvst, og den heilt til høgre vert liggjande nedst:

An example image

Ein veldig nyttig snøggtast når det gjeld objektmerking er Tab. Viss ingenting er merkt, vil han merkja det bakarste objektet. Elles vil han merkja objektet som ligg rett over utvalet i z-ordninga. Shift + Tab verkar motsett, og startar altså med det fremste objektet og arbeidar seg bakover. Sidan alle nye objekt vil leggja seg fremst, vil Shift + Tab merkja det objektet du teikna sist, så lenge ingen objekt er merkte. Øv deg no med Tab og Shift + Tab på ellipsane ovanfor.

Merking og draging av underliggjande objekt

Kva skal du gjera viss objektet du treng er skjult under eit anna objekt? Du ser kanskje det nedste objektet viss det over er (delvis) gjennomsiktig, men trykkjer du på det, vil du merkja det øvste objektet.

Dette er kva Alt + klikk er her for. Alt + klikk merkjer først det øvste objektet, akkurat som eit vanlig objekt. Men neste gong du trykkjer Alt + klikk på same punkt, vil du merkja objektet under det øvste, gongen etter vil du merkja objektet under der igjen, og så vidare. Når du når det nedste objektet, vil Alt + klikk naturlegvis merkja det øvste objektet igjen.

[If you are on Linux, you might find that Alt+click does not work properly. Instead, it might be moving the whole Inkscape window. This is because your window manager has reserved Alt+click for a different action. The way to fix this is to find the Window Behavior configuration for your window manager, and either turn it off, or map it to use the Meta key (aka Windows key), so Inkscape and other applications may use the Alt key freely.]

Dette er greitt nok, men kva kan du sjå gjera med eit underliggjande objekt du har merkja? Vel, du kan bruka snøggtastar til å forma det om, og du kan dra kontrollpunkta. Men dreg du objektet sjølv, vil dra det øvste objektet igjen. For å be Inkscape dra det objektet som no er merkt utan å merkja noko anna, ka du bruka Alt + dra. Dette vil flytta det gjeldande utvalet uavhengig av kor du plasserer peikaren.

Øv no på Alt + klikk og Alt + dra på dei to brune figurane under det grøne, gjennomsiktige rektangelet:

An example image

Konklusjon

Dette var altså ei kort innføring i dei mest grunnleggjande funksjonane i Inkscape. Det finst mange fleire, men med det du har lært til no kan du klara å laga rett så flotte teikningar. Og er du interessert i å læra endå meir, finn du fleire innføringar under Hjelp | Innføringar.